HovudsidaBøkeneForfattarenEngel Winge

ForfattarbesøkBildeSpørsmål og svar

 

 

 

Ein stor del av det å skriva for ungdom og barn, er å reisa på turné og snakka om bøker, skriving, lesing og om livet. Eg gjer ei rekke vanlige forfattarbesøk i løpet av året der eg les frå bøkene mine, fortel om det å vera forfattar og elles svarer på det de måtte lura på. Held også skrivekurs. Alle oppdrag blir formidla gjennom Forfattersentrum, men de kan også ta direkte kontakt med meg.

 

Frå lanseringa av boka Englejakt på Litteraturhuset i Oslo. Foto: David Aasen.

 

 

Andre opplegg

 

PSYKT PSPRENGT! Av Ingelin Røssland

Kva rører seg inni ein forfattar sitt hovud?

Mord, blod, kjærleik, frustrasjon, galskap, rå humor og uregjerlige idear som ikkje
vil sleppa taket.

 

Bilete av Ingelin og Andreas

Ingelin Røssland og Andreas Holt. Foto: Renate Nedregård

 

Produksjonen er eit samarbeid mellom Turnéorganisasjonen i Hedmark, Litteraturbruket, Ingelin Røssland og Andreas Holt. Utgangspunktet er Ingelin Røsslands forfattarskap og korleis ho jobbar med idear og tekst. Du møter forfattaren i ei slags halvrealistisk verd, der arbeidet med bøkene om Engel Winge står i sentrum. Kva går føre seg i en forfattars hovud, korleis kjem ideane og kva skjer når ideane tar overhand og vil styra historia sjølv? Finnes det enkle triks som alle kan læra seg for å bli betre historieforteljarar?

Meir om produksjonen hos Litteraturbruket

 

Union

- eit møte med forfattarane Ingelin Røssland og Gunnar Ardelius.

”Kva menneske ønskjer me å vera nær og kvifor? Og kor langt er me villig til å gå for å oppnå denne nærheita?”

 

Bilete av Ingelin og Gunnar

Ingelin Røssland og Gunnar Ardelius. Foto: Martin Appel
 

Å skriva for ungdom er å skriva med hjarta. Gunnar og Ingelin brenn begge for å skriva og å formidla litteratur for unge menneske. Dei siste åra har Ingelin møtt og snakka med fleire tusen ungdommar, som ein av dei forfattarane som reiser mest på turné i Noreg. Våren 2008 var Gunnar Ingelin sin gjest under litteraturfestivalen på Lillehammer. Saman møtte dei ungdom frå Hedmark. Hausten 2009 drar dei på turné til Troms.

Gunnar Ardelius (f:1981, Stockholm) debuterte i 2006 med boka ”Jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg og jeg elsker deg så himla høyt”. Boka er prisløna og utgitt i ei rekke land, mellom anna Frankrike og USA. I 2007 kom ungdomsromanen ”Når du sover kikker jeg”.

Meir om Gunnar Ardelius hos forlaget.


Intervju med forfattaren i Göteborgs-Posten.

 

Ta kontakt (ringelin (alfakrøll) gmail.com) viss de vil vita meir om opplegget.