| |||
![]() | |||
|
|
|||
|
|
|||
Les kritikk av Kunsten å inhalera:
Høyr utdrag frå boka her: kunsten.mp3 (ca. 2,7 MB) |
Kort frå boka - Nei! Satan, nei!Han er død. Gode Gud. Eg har drepe min eigen bror! Augo hans er attlatne. Den blå luva sit skeivt på hovudet hans. Det er ingenting å høyra. Som om nokon har teke alle lydane og stappa dei i ein sekk og drege langt bort herfrå..
Om boka Anette er snart 16 år, og bur i den mest avsidesliggande bygda på ei lita øy. Den bygda det ikkje går andre bussar til enn skulebussen. Saman med venninna Christin, har Anette som nyttårsløfte å begynna både å røyka og drikka. Planen er å bli ein av dei tøffe, men det er ikkje den einaste planen ho har: Ho vil nemleg kyssa Bobby. Bobby, som er høg og mørk med håret i hestehale. Bobby som har den raskaste mopeden på heile øya. Med sin rappkjefta stil, klarar Anette å oppnå det meste ho går inn for. Men ikkje alle andre er like rett fram som ho sjølv, ikkje alle er den dei gjev seg ut for å vera.
|
||