HovudsidaBøkeneForfattarenEngel Winge

ForfattarbesøkBildeSpørsmål og svar

 

 

 

 

Les kritikk av Viss du vil:

Klikk her for å kjøpa boka

 

Kort frå boka

Ferja kjem inn til kaien med gapande kjeft. Gulpar ut bilar, som virrar litt før dei set opp farten og køyrer som om det gjaldt livet. Eg vrir om tenninga og set bilen i første. På signal frå ferjebillettøren køyrer eg inn på ferja, medan eg rullar ned bilvindauga.
- Trettisju kroner.
Eg gir billettøren med trailersolbrillene ein krølla femtilapp. Utan å sjå på meg vekslar han fortare enn lynet. Ra-ta-ta-ta-ta. Som ein sjøens cowboy. Tretten kroner og ein rosa billett. Billettøren svingar seg på kloggene og går hjulbeint til duell med neste passasjer.

 

Om boka

19-årige Anneli er ferdig med gymnaset. Ho er skulelei og vel å flytta til ei utkantbygd i heimkommunen. Mora oppfattar Anneli sitt "påfunn" som ein provokasjon. Deltidsjobb i ein barnehage var ikkje det ho hadde tenkt dottera skulle fordriva tida med. Medan forholdet til mora er mildt sagt anstrengt, står faren og Anneli kvarandre svært nær.

 

Anneli flytta til ein utkant for å finna fred og ro, men ho finn langt meir enn dette. Huset ho leiger, ber på ein løyndom som viser seg å gjelda familien hennar. Anneli er i tvil om det er best å teia med det ho får vita. Samtidig forelskar ho seg i Ragnar, ein av foreldra i barnehagen, og om "Anneli er "moden" for alderen, er ikkje alle sidene ved livet like lette å takla.

 

Utdraga frå kritikkane

Ingelin Røssland skuffer ikke leseren. "Viss du vil" er både en handlingsmettet og en poetisk sterk og følsom bok.

Nina Goga i Bergens Tidende

 

Allerede i 22-åringens første bok aner man en sterk fortellerstemme med evne til å formidle gjennom det usagte. Ikke sjelden slipper hun tema når det er på det mest intense. Slik holder hun på leseren.
Ingelin Røssland har mye på hjertet, og hun formidler inderlig et ungt menneskes søken og usikkerhet. Det å være på leting, finne en åpning til et liv som er mer enn det å være "eit lite komma mellom fjell og hav". [...] Røssland har skrevet sin første roman. Men ikke den siste.

Harriet Eide i Dagbladet